2001: Garborg-året
[15.01.01] av Pål H. Djuve

Artikkelen er hentet fra NØKKELEN nr 4/2000

25. januar 2001 er det 150 år sidan Arne Garborg blei fødd. Gjennom store delar av 2001 vil det finne stad eit mangfald av aktivitetar for å heidre og fornya interessa for Garborg og kona Hulda.

 
Arne og Hulda Garborg
Hulda og Arne Garborg var forfattarar og kulturpersonar med meiningars mot. 
Dei tok aktivt del i samfunnsforminga. Garborg-året 2001 vil gjera kunsten deira tilgjengeleg og formilda han på til dels utradisjonelle måtar. Dei vil få fram kva ekteparet engasjerte seg i, kva slags verdiar, haldningar og meiningar dei stod for. Litteraturen og livsverka deira inneheld problemstillingar og perspektiv som grip like inn i debattar som pregar overgangen til det nye hundreåret til ømes 
forholdet mellom religion og vitskap, tradisjon og lausriving, det nasjonale og det internasjonale, bygd og by, mann og kvinne. Derfor er jubileumsåret først og fremst samtids- og framtidsretta med dagens unge som viktig målgruppe.

Bli kjend med Arne og Hulda!
I jubileumsåret vil du kunne bli betre kjend med forfattarane og menneska 
Arne og Hulda på mange vis. I samarbeid med Det Norske Teatret og Riksteatret vil Garborg-året 2001 innby publikum til eit møte med Garborgane i eit nyskrive teaterstykke. Det Norske Teatret vil stå for produksjonen og skal setja opp stykket vinteren/våren 2001, Riksteatret vil ta det på turné om hausten.
Publikum vil også kunne møta og bli betre kjent med ekteparet Garborg i ein 
nylaga NRK-dokumentar.

Kva skjer i Garborg-regionane? 
I Oslo og Asker planlegg dei ei stor utstilling om Garborg og Tyskland som skal opnast heilt i byrjinga av jubileumsåret. Både Hulda og Arne reiste mykje i Tyskland og hadde sterke band til landet. Elles planlegg ein teaterverkstad i friluft, ein Hulda-utstilling på hausten og ulike forfattarkveldar.

På Jæren arbeider ein med å aktivisera barnehagar og skular for at dei 
yngre skal bli betre kjende med Garborg. Det skal vere utandørs 
Haugtussa-spel, litteraturseminar og Garborg-revy. Ei utstilling med norsk 
samtidskunst i det gamle meieriet på Bryne er også under planlegging. Hå 
gamle prestegard planlegg ei maleriutstilling med bilete av kunstnarar frå 
Hulda og Arne si samtid. Rogaland teater ynskjer å lage utandørs teater av 
Hulda sitt teaterstykke «Litit Kersti», og Garborg-året 2001 er i dialog 
med Stavanger Symfoniorkester om ein Garborg-konsert.

I Nordøsterdalen er hovudsatsinga ein nyskriven kammeropera om ekteparet 
Garborg. Elles vil ein blant anna setje fokus på Hulda. I tillegg kjem 
temakveldar og seminar om Arne sitt tilhøve til kyrkja: «Treng kyrkja ein 
fritenkjar?» og «Det idérike ekteparet på Kolbotn. Humor og humør».

Haugtussa-tonar for born
Garborg-året 2001 er også eit nasjonalt jubileum, og omfattar arrangement 
og prosjekt med nasjonal innretting som vil vera landsdekkjande.
Blant anna har alle grunnskular  blitt oppfordra til å setje opp 
syngjespelet «Haugtussa-tonar» i 2001. Eit av hovudmåla for Garborg-året 
2001 er at ekteparet Garborg sine verk skal bli betre kjent og leve vidare 
blant dei unge.

Rektor Åsvald Solheim uttalte dette om prosjektet i Hå:  « Det er gledeleg 
at det no kjem ut ein slik  «barnemusikal» på nynorsk. (...) Tekstleg, 
musikalsk og scenisk vil eg tru at syngjespelet ligg godt innafor det som 
er mogleg å få til i ein vanleg grunnskuleklasse».

Garborgnett
Garborg-året 2001 har fått støtte frå Nasjonalt senter for læring og 
utvikling (Læringssenteret) til å utvikle Garborgnett, ei nettside retta 
mot skulen som formidlar livet og verka til ekteparet Garborg på nye og 
spennande måtar.

Garborgnett vert lansert 25. januar 2001, på 150 årsdagen til Arne Garborg 
og opningsdagen for Garborgåret 2001. Nettsidene skal vere retta mot lærarar og elevar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Meir informasjon om Garborg-året 2001 finn du på vev-adressa: www.garborg.no

Kor er Folkeakademia?
Også Folkeakademia engasjerar seg i Garborg-året 2001. Foreløpig legg to 
distrikt opp program i samband med Garborg-året 2001. 

Folkeakademiet Agder har laga eit kveldsprogram som startar 29 februar og held fram ut i mars. Programmet heiter «I strid så tung og sår» Arne Garborg i ord og tonar. Programmet er ei blanding av konsert,  lysbildemontasje og dikt. Det er 
komponisten og organisten Eilert M. Hægeland, sangpedagogen Wenche Hundsbedt Svindland og lektoren Olav Arne Kleveland som syng, les dikt og viser lysbilde frå Garborg sitt liv.

Folkeakademiet Rogaland har to Garborg-turnear denne våren; Forfattaren Tor Obrestad tek opp ei rekke tema frå Hulda og Garborg sine liv, mellom anna sjår ein på korleis desse emna kan nyttast i undervisning i skulen. Sigbjørn Reime, som er fast omvisar i Garborgheimen og er kjend som ein særleg dyktig og kunnskapsrik vegvisar i Garborgs verden, tek opp det religiøse i Garborgs liv og diktning. 

© FAL 1997-99
[SIDESTART]  [HOVEDSIDE]  [FAL]  [DISTRIKT]  [PROGRAM]  [ARKIV[@]